Skeise-VM 2013 i firkamp

Verdsmeisterskapen på skeiser 2013 i firkamp vart avvikla i VikingskipetHamar helga 16. og 17. februar. 24 kvinner og like mange menn frå 15 ulike land deltok i meisterskapen. For fyrste gong fekk berre 8 løparar i kvar av klassane delta i den samla firkampen.

Nederlendarane Sven Kramer og Ireen Wüst forsvarte VM-titlane frå året før. Wüst sigra også på dei tre lengste distansane, Kramer på dei to lengste. Nett som året før var polske Zbigniew Bródka bestemann på 500 meter og norske Håvard Bøkko på 1500 meter. I kvinne-klassa vann kanadiske Christine Nesbitt 500-meteren, også det som året i førevegen.

Dei norske utøvarane vart nummer 2: Håvard Bøkko, 4 Sverre Lunde Pedersen, 5 Ida Njåtun, 15 Simen Spieler Nilsen og 17 Mari Hemmer.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy